Kontakt oss på +47 56 16 76 50

Om oss

Magne Hope AS Entreprenørforretning vart etablert i 1966 og har lange og solide tradisjonar på å levere godt handverk. Vi er lokalisert på Mongstad i Austrheim kommune i Nordhordland, men kan tilby å utføre oppdrag innen entreprenør i Bergen og omegn. Bedrifta har hatt jamn og stabil vekst og omset årleg for 120 -160 millionar kroner. Som ein entreprenør er det viktig for oss at våre 45 medarbeidarar held eit fagleg høgt nivå. I ein bransje med krav til solid kunnskap og kompetanse er det viktig for oss å halde oss fagleg oppdatert. Etterutdanning og kursing er for oss ein dynamisk prosess. Magne Hope AS Entreprenørforretning er godkjent som lærebedrift i faga anleggsmaskinførar, bergsprengar og betongarbeidar, og tar heile tida høgde for å både rekruttere og utdanne ny arbeidskraft. Vi disponerer ein moderne maskinpark med rasjonelt og funksjonelt utstyr for alle typar oppdrag.

Dokumentert kvalitet

Magne Hope AS Entreprenørforretning ønskjer å levere høg kvalitet i alle delar av prosessen. Vi er NS ISO 14001 og 9001 sertifisert og vi har sentral godkjenning iht plan- og bygningslova. Vi er godkjent i Magnet JQS og Achilles, som leverandør til olje, gass og kraftindustri. I kraft av vår erfaring, kunnskap og kompetanse er vi i stand til å utføre dei fleste typar oppdrag innan bygg og anlegg, industri, kommunaltekniske anlegg, kaier og bruer. Våre oppdragsgivarar er i hovudsak industri, statlege og kommunale verksemder.

Vi bidreg med kompetente råd som ein entreprenør i Bergen og omegn og er med heile vegen, frå tidleg skisse fram til ferdig bygg. Ein god dialog med våre oppdragsgivarar og samarbeidspartnarar er ein føresetnad for vår drift. Magne Hope AS Entreprenør er aktiv deltakar i heile byggeprosessen. Vi er dimensjonert for å skreddarsy dine behov frå idé til ferdig oppført bygg. Vel du oss som din entreprenør i Bergen og omegn, vil vi ta ansvaret heilt frem til ei dokumentert sluttbefaring, samt vedlikehald og ettersyn av dei utførte oppdrag. Vi ønskjer å ta på oss alt det inneber å være ein totalentreprenør.

Ressursar til rådigheit

I lag er vi 45 motiverte medarbeidarar som alle bidrar til kjekke dagar og eit godt arbeidsmiljø! Vi er rusta for å meistre de fleste utfordringar og er ei bedrift med tung og solid kompetanse. Dei fleste medarbeidarane våre har relevante fagbrev. Magne Hope AS Entreprenørforretning er ein attraktiv arbeidsplass for talentfulle medarbeidarar med pågangsmot og stort engasjement. Vi tilbyr spennande og varierte oppgåver i et hektisk arbeidsmiljø. Medarbeidarane er vår viktigaste ressurs til å nå vår hovudmålsetjing – eit optimalt resultat kvar gang! Vel oss som din entreprenør i Bergen, Nordhordland og omegn.

Åpenhetsloven Magne Hope AS

Ønsker du at vi kontakter deg?

Bruk skjemaet nedenfor, så hører du fra oss.

    Har du spørsmål om våre tenester som entreprenør i Bergen og omegn – ta kontakt med oss via kontaktskjema eller på telefon 56 16 76 50.