Om oss



Magne Hope Entreprenørforretning AS blei etablert i 1966 og har lange og solide tradisjonar på å levere godt handverk. Me er lokalisert i Austrheim kommune i Nordhordland - nærmare bestemt i Mongstadkrysset. Firmaet har hatt ei jamn og stabil vekst og omset i dag for omtrent 70 millionar kroner. Det er av stor viktigheit for oss at vare 38 medarbeidarar held eit fagleg høgt nivå. I denne bransjen er dagens kunnskap og kompetanse ofte ikkje det same som gårsdagens. Utviklinga går i ein rivande fart. Etterutdanning og kursing er for oss ein dynamisk prosess. Magne Hope Entreprenørforretning AS er godkjent som lærebedrift, og tar heile tida høgde for å rekruttere og utdanne ny arbeidskraft. Me disponerer også ein moderne maskinpark der utstyret er rasjonelt og funksjonelt for alle typar oppdrag.
Dokumentert kvalitet
Magne Hope Entreprenørforretning AS ønskjer å levere høg kvalitet i alle delar av prosessen. Vårt kvalitetssikringssystem bygger på NS ISO 9002 og me har sentral godkjenning i henhold til plan- og bygningslova. Me er sertifisert i Achilles, som leverandør til olje industri i Noreg og Danmark. I kraft av vår erfaring, kunnskap og kompetanse er me i stand til å utføre dei fleste typar oppdrag innan bygg og anlegg, tradisjonell og oljeretta industri, kommunaltekniske anlegg, kaier og bruer. Våre oppdragsgivarar er i hovudsak industri og statlige og kommunale verksemder.

Me bidrar med kompetente råd og er med hele vegen, helt frå den tidlige skisse frem til ferdig bygg. Ein god dialog med våre oppdragsgivarar og samarbeidspartnarar er ein føresetnad for vår vidare drift. Magne Hope Entreprenørforretning AS er aktiv deltakar i hele byggeprosessen. Vi er dimensjonert for å skreddarsy dine behov frå idé til ferdig oppført bygg. Vel du oss, vil vi ta ansvaret helt frem til ei dokumentert sluttbefaring, samt vedlikehald og ettersyn av dei utførte oppdrag. Me ønskjer å ta på oss alt det inneberer å være ein totalentreprenør.
Ressurser til rådighet
Til saman er vi ein bedrift med 34 motiverte medarbeidarar der trivsel og et godt miljø er kvardagslig. Me er rusta for å meistre de fleste utfordringar og er ein bedrift med tung og solid kompetanse der de fleste har fagbrev. Magne Hope Entreprenørforretning AS er ein attraktiv arbeidsplass for talentfulle medarbeidarar med pågangsmot og stort engasjement. Me tilbyr spennande og varierte oppgåver i et hektisk arbeidsmiljø. Medarbeidarane er vår viktigaste ressurs til å nå vår hovudmålsetjing - eit optimalt resultat kvar gang!